torsdag 26. desember 2013

Hemmeligheten

Ditte arbeidet har eg holdt på med sida i sommer. (Arbeidet var ein julepresang, derfor kjem den etter jul) Eg fekk innspirasjon frå denne, og då var det berre å sette i gang. Denne er til mammaen min!


Eg valgte å strikke den frå sida.
Garn: 200 g Faerytale, utgått farge 721
Pinne: 4 mm



Oppskrift: Legg opp 157 masker på pinne nr 4, gjerne stramt. Strikk 7 rette *3 vrange, 7 rette* Gjenta mellom *-* ut pinnen. Snu og strikk motsatt tilbake, 7 vr, 3 r, 7 vr. Forsett slik til du har strikka langt nok til at det går rundt skuldrane dine. Min var 103 cm, sida eg og mamma er ca like breie over skuldrane. Eg felte stramt av, sydde saman i enden og i starten og stramma so det rynka seg.

Blomstrane har eg helka på frihånd, uten oppskrift. Om nåken har lyst å prøve seg på helka blomster kan dei sjekke ut denne. So sydde eg på blomstrane. Vart tre stykker i forskjellige strørrelsa, plassert på ekte Blomsterdekoratør-vis.

Hadde akkurat nok garn, kan man seie...
Sånn vart den, då er det bare å vente på at mamma får prøvd den.



Det som var det verste med denne var at det tok so SINNSJUKT lang tid å strikke den. Eg er ikkje vandt med å strikke so tynne pinnar og so mykje. So det var eit evighetsprosjekt som eg jobba med om sommeren då eg jobba fulltid på Lambertseter. Daglig leder og sjefen sjøl var på ferie, so eg hadde ansvar for bestillingar og butikken. Det var veldig rolig innimellom, so då vart det en del strikking. Veldig kjekt, for då fekk eg ein forsmak på kva det ville seie å være butikksjef, noko som har komt godt med, sida eg ikkje ville visst kva eg skulle gjort på jobb ellers.... Egentlig veldig kjekt å ha strikka denne, eg er blitt en racer på å strikke vrangt!

Håpa alle har ei flott romjul.
Sunniva

søndag 22. desember 2013

Grønnjakka ferdig!

Grønnjakka er ferdig! Den har vore eit ekspress-prosjekt for meg som vanligvis rekke å gjøre ting til UFO før det blir ferdig... Du kan lese meir om den her. No er den i alle fall sydd saman og festa alle trådar. Og eg er veldig fornøyd :-)

Oppned, men klar til montering!

Montering pågår. Klarte å sy på erma feil to ganga...

Fedi! Som dåkke ser på bildet over er eine forstykket lengre enn det andre... Det er fordi eg alltid legg høgre forstykke uttapå det venstre og festa det der.... Forstå det den som kan, men det er no en vane :-)




Eg har som sagt før brukt denne oppskrifta.  Einaste er at eg ville ha den litt lengre, so eg la opp 100 masker i staden for 78 som som står i str small i oppskrifta. Eg kjøpte med meg like mange nøster som sto i oppskrifta, so eg var ganske spent på om eg likevel hadde nok garn. Men eg valde å lage bakstykket kortare, då eg veit at rillestrikk strekk seg mykje. Eg lagde det 10 com kortare enn oppskrifta tillsa. Etter ditte prosjektet har eg fundert en del på min eigen strikkefasthet, og komt frem til at eg strikka ganske laust. Det er einaste grunnen til at eg hadde nok garn, og nesten eit heilt nøste! I tillegg valde eg å gjøre om armaneganske mykje. Eg ville ha dei 3 kvart lange, so eg rekna ut kor mange masker som var ca midt i, og la opp 54 masker. Då eg hadde strikka ei stund oppdaga eg at armen vart ALTFOR vid. Problemet med Iris er at det er so pusete og lett vikla seg saman. So det er nesten umulig å rekke opp igjen. Då eg oppdaga at nesten heile armen var vekk-kasta, fann eg ut at eg bare kunne legge den sidelengs, og eg begynte å felle inn igjen... So den vart 3kvart, men på ein anna måte enn tenkt :-)

Litt usikker på om Tusenfryden er tidlig eller seint ute...
No er eg nesten ferdig med enda en UFO, utruleg kva man får til når man prioriterar det... Gled dåkke :-)
Eg er no komt trygt heim, her er det ruskete å leggja utpå...
Utsikt frå hytta til Tanta :-)
Og som dåkke ser ingen snø, ikkje eingong antydning til minusgrader...


Ditte bildet er frå Refvik, nabobygda. I tilfelle nåken lure på kva veg vinden bles...

Ønske dåkke alle ei fredelig jul!

Sunniva

mandag 16. desember 2013

Enda en UFO ferdig!

Dinne gangen den blå vesten herfrå. No er den ferdigstrikka og montert! O lykke! Brukte ikkje fult alle 10 nøsta, då er prøvde å avslutte det so eg fekk stripene på riktig sted :-) Her er bilde av sammensyinga og det ferdige produktet!

Ganske fornøgd med kordan eg fekk til fargane, so dei blir like på kvar side! Oppe er ikkje so viktig...

Fakta:
Garn: Fumato frå Lana Grossa, utgått i Norge
Antall: 10 (egentlig 9) nøster
Pinne: 6mm, strikka med dobbelt garn.
Oppskrift: Lene Holme Samsøe


Her er bilde av kordan den vart på. Veldig fornøyd med den, men vart kanskje litt trang i arma...


Isammensyinga. Traff ganske bra med fargeskifta under strikkinga, ja, med tanke på at eg strikka med dobbel tråd... :-)


 

To bilder frå Oslo! Til venstre er pepperkakeutedoen eg og samboerane har laga! :D Vi bakte pepperkake og måtte lage et hus, som vart en utedo! Høhøhøhø... Bildet til høgre er dagen/kvelden før fyste snøfall i Oslo. Eg er på vei heim og fekk akkurat med meg solnedgangen i 16-tida :-)

No jobbar eg masse før jul, men det er berre 4 (!) daga igjen til eg tar juleferie! O lykke! :D

Ønske dåkke alle ei riktig god jul :-)

Sunniva

fredag 6. desember 2013

To halsar på ein kveld

I går prøvde eg meg på noget populære Science Fiction-serien Doctor Who. Og måtte selfølgelig ha nåke å henge fingrane/henda på. Drive med litt julepresanga til folk som ikkje veit at eg har blogg, so eg tar ein råsjangs og legge det ut her før jul ;-)



Først ute var strikking på henda, som eg har gjort en del av i det siste. Som vanleg dobbel Tumble frå Rowan. Dinne gongen fargen 566, Sky til ei venninde med matchande augefarge. No vart det ein hals i staden for skjerf, då eg la opp med 16 masker i staden for 10 som vanleg. Resultatet vart ein stor og god hal som går to gongar rundt :-)




Nummer to var Alpaca Chunky frå Rowan det og. 2 nøster her og, farge 79. Denne prøvde eg fyst på henda, men den er ikkje like fluffy so den dekke ikkje like mykje. So eg tok opp det og strikka glattstrikk på pinne nr 20. Då vart det litt laust, men ikkje for laust. Eg hadde kjøpt med to nøster so det vart en liten hals til frøkna. Hon er meir stilig og rein i stilen, so denne passa nok godt til ho.



So no er dei spenn klare og venta kun på innpakningspapir. På søndag skal vi lage pepperkakehus, det blir spennande :-)

Sunniva


søndag 24. november 2013

En UFO ferdig!

Dinne har ligge ei stund. Faktisk sida i fjor høst då garnet Soft Alpakka fra Sandnes kom ut. Eg tenkte å strikke meg en kjole ala Skappel, men med det garnet og bomullsgarn so det ikkje sige so masse... Eg valgte fargen 6755 Petrol. Både på bildet på nettsida deira og bilda eg har tatt blir fargen heilt feil. Den er mykje grønnare i virkeligheten.





















I dinne har eg kombinert litt av kvart. Eg ville ikkje ha den klassiske vrangborda som gjør ting so snurpete, so eg varlgte å ha "vrangborda" i rillestrikk. Armen er 4 rette og 2 vrange, den går sånn heilt opp. Den er innspirert frå ditte heftet frå Sandnes, Modell 10b. Eg har strikka Modell 10a med lange ermer i julegave til ei venninne, faktisk.
  

 Eg hadde egentlig tenkt at dinne skulle bli en kjole. Eg har ein som eg synst er fin som eg målte etter, men eg må ha gjort nåke feil eit sted, då det vart en genser i stedet for...

Øking under armen
Eg begynte på dinne på pinne 7, men det vart laust og hengslete, so eg har bytta til mindre og mindre pinne oppover etter kvart. Eg endte opp på pinne nr 4,5, enda Soft alpakka egentlig skal brukast pinne 6 på aleine. Og eg hadde det i kombinasjon med eit bomullsgarn. Eg synst ikkje at det vart for fast, faktisk. Heilt greit. So no er endelig den UFOen ferdig!

Eg har begynt på eit nytt prosjekt og... Det er dinne frå Rauma. Eg strikka jakka som der er i kvitt. Den er strikka i enkel tråd Iris på pinne 6, so her går det unda. Eg har valgt grønnfargen 9033. Ditta er veldig greit reisestrikk, då det er delar som skal syast saman. Før heilte det Trikkestrikk, no heite det Banestrikk fordi eg tar bana til jobb :-)

Sunniva

mandag 18. november 2013

Kalle er ferdig!

Og overlevert til sjefen sjøl :-) Han skal bli med på JuleExpo i helga i varehuset i Lillestrøm :-) I oppskrifta so der restegarn til nesa, og at nesa skulle tovast. Med tanke på at eg blir nesten dårlig bare med tanken på å tove meir, og so lite, vart den strikka uten å tove. Av molunegarn. Stryk i boka her ja....

Snømannen Kalle!

Uansett har eg lært MASSE om toving. Etter å ha kokt hua har eg funne ut at varme ikkje har en dritt å seie ang tovinga. Det er KUN sentrifuge/friksjon som tover. Varmen hjelpe nok, men uten sentrifuge/friksjon er ikkje varmt vatn brukandes. So det so. Alt man skal lære.

Eg og mine samboera er enige om at det er rart snømannen har hue og skjerf, sida han BØR fryse, for å ikkje smelte... Vi har funne ut at vi ikkje skal sende mail til Sandnes :-)

Akkurat no er eg veldig usikker på ka eg skal strikke... Har jo so mange ufoar... Kjenne eg gleda meg til å begynde på dei, har jo strikka som masse som ikkje er til meg lenge... SO NO: UFO-kista! Følg med for å sjå ka som dukka opp der!

Sunniva

søndag 17. november 2013

Stripegenseren er ferdig!

Jippi! Etter timevis med trådfesting kan eg endelig seie at genseren er ferdig! Neste gong eg strikka striper, skal eg feste trådaar etter kvart. Ditta var mykje jobb på ein gong...

Litt trådar å feste her ja...
Trådane som er festa og klipt av.
Men sånn vart den altså.. Fritt etter ei oppskrift frå Dale-garn, med garn frå Frankrike. Les meir her.



Her er fargen rett


Eg er i det store og heile veldig fornøyd med dinne genseren. Veldig greit å strikke på tjukke pinnar, og går ikkje so mykje garn. Eg elska jo raglan, då sleppe men so mykje montering etterpå. Gjør ting litt enklare. (Når man sleppe å feste ein million trådar, vel og merke)

Garnforbruk av Cosmos str M:
Lilla/kvit fargekode 290 73: 200 garm
brun/kvit fargekode 290 84: 250 gram.

Jippi! Snart er snømannen ferdig og :-)

Sunniva

fredag 15. november 2013

Bølgetunikaen er ferdig!

Jippi! Sånn vart den då den var ferdig! Eg har ikkje henta opp so mange masker som står i oppskrifta rundt halsen og erma, men den er likevel meir enn stor nok!

 

Ferdig overvidde: 100
Ferdig lengde: 94

Fargane eg brukte er
Tynn Alpakka: 123
Faerytale: 712

Denne gikk egentlig veldig greit å strikke. Bølgemønsteret satte seg veldig fort, og man blir en skikkelig racer på det etter kvart :-) No henger den på jobben til skrekk og advarsel ;-) Oppskrifta er forsatt frå Maskerader nr 21, modell nr 19. Les meir om den her.

Eit prosjekt mindre, det betyr at eg kan begynde på 3 nye! Eller kanskje eg skal gjøre ferdig nåken UFOar... Kremt...

Sunniva

tirsdag 12. november 2013

Pakken er pakkeklar!

Har jo tidligare skreve om nåken tubesokka som eg har strikka til ei venninne av meg som endelig er gravid.  Plutselig var det tvillinga på gang, so det vart eit par til. Eg tenkte at eg skulle prøve å lage ei litt søt eske til ho å ha sokkane i, sånn at det blir en skikkelig gave. Eg har lenge vore på utkikk etter ei passande, og når eg jobba i garnbutikk får vi inn masse småesker innimellom, men eg har ikkje funne ei som har passa. So eg tok ei eske eg fekk nåken malingsprøver fra flugger på i sommer, og malte den :D


Papiret med Blåmeisene kjøpte eg på panduro. Eg har klipt det til og malt rundt so det ikkje skal være so synlige kanta, og festa det med Decoupagelim. Ka no enn det er fornåke, men dama på Panduro sa det var bra, so eg prøvde. Det gikk :-)





Her er bilde med sokkane. No veit eg at det blir to gutar, so då vart det blått på begge :-) Tekte å ha band rundt, litt usikker på om eg skal ha blått eller kvitt. Uansett, so godt som ferdig, og i god tid før termin! :D

Sunniva

søndag 10. november 2013

Strikking for hånd uten pinnar!


Joda, du leste rett. Eg oppdaga det då eg var innom ei av strikkegruppene eg er medlem av på facebook. Der og då bestemte eg meg at eg skulle prøve, men eg hadde ikkje so tjukt garn eller tida akkurat då. I går var eg innom Nål og Tråd i Måløy, og der fann eg eit garn eg hadde lyst å prøve. Eg hadde egentlig tenkt å strikke eit skjerf på vanlege pinnar, men då eg fann ut at eg ikkje hadde nmed meg pinnane, fann eg ut at eg skulle prøve å strikke på henda. Garnet eg kjøpte på Nål og Tråd var dette frå Viking Garn.


Videoen eg fann på Youtube og følgde var denne. Den går litt sakte, men den viser godt kva du skal gjøre. Eg la opp med dobbel tråd av Ask og fulgte med.
Fyste omgangen.

Går fort unda!

Baksida

Forsida.

Kveila i hop.
Som dåkke ser blir det veldig laust, sjøl med dobbel tråd. Noko som ikkje er so rart med tanke på at det er pinne 50-ish. Eg stikka fyst eit skjerf der eg brukte to nyste. La opp 10 masker med dobbelt garn og strikka til det var tomt. Det som blir litt annleis når eg strikka med henda er at annakvar omgang blir vridde masker. Man ser det sovidt på bildet over. Dette er fordi eg ikkje har strikka vrangt, berre vridd maskene. Trur ikkje eg skal prøve meg på å strikke vrangt enda, var vanskelig nok å halde tunga rett i munnen som det var. På skjerfet tok av fyste maska på omgangen for å få ein fin kant, men den vart litt laus. So på halsen strikka eg fyste maska og stramma litt, so den vart fastare.
 
2 nøster Ask



Dåkke får unnskylde min ufesta tråd, den er festa no :-)
So hadde eg eitt nyste igjen (eg hadde kjøpt tre) og tenkte å lage ein hals av det. So tenkt, so gjort. Halsen er so lang at den går to gang rundt, og eg lika at dei sitte godt, dei skal jo varme. Veit ikkje heilt om eg skal gje dei vekk i julegave eller behalde dei sjøl, so vi får sjå. Dei er no ferdige, i alle fall ;-)

Tadaaaa!

Håpa eg gav nåken lyst til å prøve handstrikk! 
Hyggelig om du legge igjen en kommentar, eg veit du er der ;-)

Sunniva

onsdag 30. oktober 2013

Skjerfet til Bjørnar

I fjor strikka eg eit skjerf til kjæresten til Maria. Då det fekk glasskår på seg i vår vaska Maria det i vaskemaskina, so det tova seg. Bjørnar var so lei seg for det, og lurte på om eg kunne strikke eit nytt til vinteren. No er vinteren nesten her, og skjerfet er klart! Oppskrift følger etter skrytebilder! :D

Nærbilder og nesten riktig farge!
Bjørnar ville ha det so langt at han fikk det en gang rundt halsen og at det dekka ned til der jakka hanna begynde. So det er ikkje kjempelang, berre 146 cm. Det synst han er nok :-)

146 meter langt.
Oppskrift på skjerf.
5 nøster Cotinga fra Dale, eg har brukt fargen 5472, Marineblå.
Pinne nr 4

Legg opp 50 masker på pinne nummer 4.

1. omgang: Ta første maske løs av. strikk en rett, en vrang ut pinnen. Siste masken strikkes alltid rett.
2. omgang: Som 1 omgang.
3. omgang: Ta første maske løs av, strikk en vrang, en rett ut pinnen.
4. omgang: Som 3 omgang.

Gjenta disse omgangene til du er nesten tom for garn, og fell av. Fest alle lause tråda. Tadaaaa!

Men sommeren var ikke død!
Eg var og besøkte min nesten voksne onkel på Kolbotn i dag. (Han er 83 år)  og då eg gjekk oppover til han kom eg forbi dinne lisje markblomsten! Kjekt at nåken forsatt klynga fast til sommeren ;-)

Sunniva