søndag 21. juli 2013

Hekling og Alfajakka

I går var eg heilt utkjørt etter å ha vore på jobb, joggetur og glømt å ete. Veldig dårlig kombinasjon. Så kl 20 hadde eg fått i meg mat, og merka at kroppen var sleten, men hjerna var fremdeles oppegåande. So eg fann ut at eg kunne drive med handarbeid, men ikkje noko som vege for mykje, då eg var sleten. So då vart det til at eg byrja å hekle glasbrikker inoko akrylgarn eg hadde liggande. Garnet er frå Søstrene Grene, og er heilt ubrukelig fordi det er akryl. Ikkje tiltrekke det seg fuktighet, og om det blir satt fyr på, so smelta det og ødelegge ting rundt seg... Kjøpte det i Kjøpenhavn då eg var skikkelig skuffa fordi eg ikkje fann eine garnbutikken eg hadde peika meg ut, og den andre var lagt ned...

Evva på tommelen.
Oppskrifta finn på på denne bloggen. Litt uvandt å hekle igjen, då det er lenge siad sist. Merka eg holdt litt hardt på kroken og, som du ser på bildet:-)

Weee!
Alfajakka er eg straks ferdig med. No skal eg klippe den opp, so er det bare kanten rundt igjen :-) Magic loop gjekk ikkje so bra, men det var fordi pinnane mine er so tjukke (p.12) og vaieren so tynn, at det var vanskeleg å få fint. So eg gjekk over til vanlege strømpepinnar :-) Kundana sa at det såg ut som om eg strikka med kulepennar, noko som ikkje var långt i frå sannheita...

Håpa alle får en fin søndag!

Sunniva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar