fredag 6. desember 2013

To halsar på ein kveld

I går prøvde eg meg på noget populære Science Fiction-serien Doctor Who. Og måtte selfølgelig ha nåke å henge fingrane/henda på. Drive med litt julepresanga til folk som ikkje veit at eg har blogg, so eg tar ein råsjangs og legge det ut her før jul ;-)



Først ute var strikking på henda, som eg har gjort en del av i det siste. Som vanleg dobbel Tumble frå Rowan. Dinne gongen fargen 566, Sky til ei venninde med matchande augefarge. No vart det ein hals i staden for skjerf, då eg la opp med 16 masker i staden for 10 som vanleg. Resultatet vart ein stor og god hal som går to gongar rundt :-)




Nummer to var Alpaca Chunky frå Rowan det og. 2 nøster her og, farge 79. Denne prøvde eg fyst på henda, men den er ikkje like fluffy so den dekke ikkje like mykje. So eg tok opp det og strikka glattstrikk på pinne nr 20. Då vart det litt laust, men ikkje for laust. Eg hadde kjøpt med to nøster so det vart en liten hals til frøkna. Hon er meir stilig og rein i stilen, so denne passa nok godt til ho.



So no er dei spenn klare og venta kun på innpakningspapir. På søndag skal vi lage pepperkakehus, det blir spennande :-)

Sunniva


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar