mandag 29. april 2013

Teppe, Gryteklutar og Vase...

Dette teppet strikka eg då eg ikkje fann eit som passa til golvet vårt.Vi har ei veldig lita stue, so utfordringa var å finne eit lite nok i rette fargane...


Teppet er strikka i Traphilo. Eg bestilte en del derifrå når dei hadde salg, og det vart eit teppe. Har vel brukt ca 6 nøster her.


Gryteklutane er strikka i Mandarin Classic fra Sandnes, som dessverre har gått ut. Oppskrifta er ganske enkel:

Pinne: Liten rundpinne 5
Garn: 5 nøster Mandarin Classic eller tilsvarande bomullsgarn
Gryteklutane strikkast rundt. Legg opp 80 masker.
1. pinne: kast, to rett, kastet over dei to rette. Forsett med dette til du har komt rundt.
2. pinne: rett.

Gjenta til passe bredde.

Eg har sydd oppe og nede, og hekla ei løkke for oppheng:-)




Ideen under har eg fått frå ein eller anna blogg eg har surfa på. Her tar du rett og slett litt garn og ein limpistol, og surrar garnet rundt ei tom flaske til du har dekt heile. Gjenbruk:-)

Håpar dykk fekk litt idear:-)

Sunniva



lørdag 27. april 2013

Jobb, bokmerker, englegenseren og hovudskallen...

I dag har eg vore og jobba litt på finaste Nøstet mitt. Eg jobba på avdelinga vår på Lambertseter, og stortrives der:-) Ekje ille å jobbe på ein lørdag når ein har ein so fargefin arbeidsplass!

PT-hylla vår:-)

Her er endelig eit skikkelig bilde av Englegenseren:-)

Hadde den på meg på jobb i dag, fekk mykje skryt:-)
Lagde en del bokmerker av alle perlene, dei kan du sjå her:-) Har mange som ikkje er heilt ferdig, dei ligge og venta på siste finish...


Hovudskallegenseren går det endelig fremover med. I går kveld satt eg og tegna, strikka og rekte opp, tegna, strikka og rekte opp, tegna, strikka og rekte opp. Gikk og la meg til slutt på heile greia, og bestemte meg or å prøve å strikke uten mønster... Her er alle forslaga mine til mønster, men ingen vart bra på papir...
Denne var ikkje kjekk å jobbe med i går kveld når det var mørkt ute! Mørkeredd? Ja...

Her er den endelig begynt å bli bra! Det var på tide, var like før eg gav opp heile mønsteret:-)

 Det er kanskje ikkje so tydelige her, men hovudskallen er der;-)

Håpa alle får en flott dag og god helg!

Sunniva





fredag 26. april 2013

Maskemarkører og hovudskalle...


So var det nye idear då... Eg har lenge tenkt at burde gjøre noko lignande dette. I går var eg i gang:-)  Fann ut at eg hadde litt lite tråd til å bruke, så eg må ut og kjøpe. Har laga maskemarkører til eit arbeid eg drive med no:-)

Her har vi system i rotet... kremt
Maskemarkør!
Ogso er eg i gang med ein ny genser. Pinne nr 7, garn "All Seasons Chunky" fra Rowan. Farge 612. Hadde eigentlig tenkt å bruke garnet til noko anna, men dårlig planlegging gjør at det no blir ein genser:-)

Eg har tenkt å strikke inn ein hovudskalle på denne ved hjelp av vrange masker. (Altså holde genseren i glattstrikk og hovudskalle i vrangt) Eg har sett det på ein mariusgenser, og det vart skikkelig kult!


forsøk på hovouskalle. Litt stor fann eg ut....
Eg må tegne møsteret på nytt, fordi det blir litt stort. Strekane viser 10 masker, so det dekke jo over 30 masker... Forstykket mitt er 50 masker, so eg må forminske litt.... Fortsettelse følger!

Sunniva


onsdag 24. april 2013

Englegenseren!

Då var eg ferdig med englegenseren! Var litt vanskeligare enn eg trudde å feste armane på bolen, så den er ikkje heilt perfekt, men eg er veldig fornøyd! Eg har sett mykje gensera som er "holete" i butikkane no, og sett at ein del av garnleverandørane har noko lignade i sitt sortimang for våren. Sandnes har i dette heftet, modell 6, og PT har denne.
Tilbake til genseren. Det gikk med kjempelite garn:-) Det er jo for det meste luft den genseren består av, så det er jo ikkje so rart... Eg brukte i underkant av 2 nøster Faerytale, og den veg bare 82 gram. Eg er ingen racer på å skrive oppskrifter, så eg har prøvd meg på den denne. Beklager om den er uforståelig, bare spør om det er noko:-) Under bildet kjem "oppskrifta"...

Å ta bilde av seg sjølv er ikkje alltid lett...

Bol: lag 150 luftmasker, eller nok til at det går rundt livet på deg sjølv med litt ekstra plass. Fest i hop til ein ring med ei kjedemaske. Lag så to englemasker og fest dei i ringen i ca 4 engelmaska. Fortsett heile vegen rundt. Lag så to englemasker og fest dei i den første englemaska du laga. Lag så to nye og fest den englemaska som er festa på ringen. Fortsett med dette rundt og rundt til du har laga bolen så lang du vil ha den, ca 50 cm. Legg bolen til side og lag ermer.

Ermer: lag 24 luftmasker. Fest dei med ei kjedemaske så du får en ring. Lag så to englemasker og fest dei i ringen i 4 luftmaska. Gjenta til du har festa englemasker i kvar fjerde luftmaske. Lag så to englemasker og fest dei i den første englemaska du laga. Lag så to nye og fest den englemaska som er festa på ringen. Forsett med dette rundt og rundt til du har laga ermet så langt du vil, ca 60 cm. Lag så en til på samme måte.

Montering: Hekle på erme ved hjelp av ei englemaske fra bolen, og fest den i ein fra ERMET. lag så ei englemaske fra ermet og fest den i bolen. Gjør sånn 8 gangar til sammen. Hekle til du kjem til andre sida av bolen, og gjør det same med det andre ermet. Etter at du har festa på det ermet med 8 englemasker, hekla du til du møter det fyrste ermet igjen. Her skal du snu. Eg har ikkje funne ein god måte å få snudd på, så mi snuing vart sjåande sånn ut:

Hekle så tilbake til du møter ermet igjen. Hekle ei englemaske og tre luftmasker. Luftmaskene skal brukast som kant i halsen. Fest så med ei fastmaske der to englemasker møtast, og forsett rundt heile kanten til du har fest alle englemaskene som "stikke opp" i luftmasker. Fest alle trådar:-)

Håpa oppskrifta var forståelig, skal prøve å få tatt betre bilde når kjæresten kjem heim:-)

Sunniva

mandag 22. april 2013

Englemasker

Litt hekling denne gongen. På torsdag lærte eg meg Englemasker! Det er noko eg alltid har sett på som magi, men egentlig er ganske enkelt. (etter at man kan det, i alle fall.:-) Eg fann ein video på Youtube som gikk litt for raskt, men eg skjønte det likevel. Mestringsfølelsen var på topp då eg klarte å få det til:-)

Mestringsfølelse!
Englemasker går kjempekjapt, sida det er for det meste luft:-) Eg brukte eit nøste Faerytale fra Du Store Alpakka og heklekrok 5. Sjalet vart ferdigstilt på Strikkecafe med jobben same dag. Eg jobbar på ein garnbutikk i Oslo nokre dagar i veka, og dei er min "langer" av garn. Vi arrangera strikkecafe ca 1 gang i mnd. Denne gangen var Dale med og viste nye modellar, og det var 28 damer som hadde møtt opp, i tillegg til 7 fra butikken vår! Kjempekjekk kveld!

Sjalet ferdig. Eg er veldig glad i å bruke det i halsen, sida det er der eg frys. Fargen er heilt feil, meir korrekt på bildet under...
Problemet er bare at når Frk. Sunniva får til ting, då kjeme masse idear. Dagen etterpå var eg allerede i gang med en genser i englemasker. Eg har ingen oppskrift, men finne på etter kvart som eg lagar:-)

Bolen og eit erme:-)
Oppskrift kjem når eg er ferdig:-)

Ønske alle en flott dag!

Sunniva

lørdag 20. april 2013

Putene!

Her kjeme eit lite innlegg med putene eg har både hekla og strikka. Eg er veldig glad i mønstera eg får av handarbeid, og tykkjer ofte dei er finare enn kjøpeputer.


Den kvite puta er jo veldig enkel. Der er lagt opp 68 masker på pinne 12 og strikka rett på rundpinne til arbeidet passa til puta. Her ei 40x45 cm pute. Den er strikka i kvit Traphilo, som er bomull som er avskjer frå tekstislbransjen. Utnytting av alt ein kan:-) Dessverre ser det ut til at dei har lagt ned sitt salg i Noreg, men det er enda mogeleg å få tak i nøster rundt omkring:-)

Pute nr to har eg akkurat strikka. Den er med oppskrift på klutar fra Ulla-Bella
der eg har laga ein stor til baksida. På forsida har eg laga ein liten som eg har snudd litt på. Deretter har eg byrja på nytt med nye klutar, men avslutta so dei vart hjørner. Dei lagde eg 4 stk av. Etterpå var det bare å sy delane saman, og sette i knappar. Knappane er mine favorittar, eg fekk dei av mamma for nokre år sida. Veit nokon kvar eg kan få tak i fleire og kva dei kosta? Eg hadde ikkje strikka knappehol, eg brukte hola som vart frå kasta i mønsteret. Pinnen eg har brukt her er 4 mm. Garnet er frå den tyrkiske sida ICE yarns. Når man bestille herifrå må man huske at beløpet må komme på UNDER 200 kr, for å unngå toll. Garnet er blanding av Bambus og Microakryl. Veldig godt å strikke av, og delar seg ikkje i det heile tatt! Bambus er veldig kjekt fordi det er bakteriehemmande:-) Brukte nesten 2 nøster på denne, og puta er 40x40 cm


Favorittknappane. Haideskallar,eg veit! :D

Den siste puta har eg fårr hjelp av ho mor. På forsida har eg hekla oldemorsruter/bestemorsruter, men berre ei stor. Garnet eg har brukt er Viking Balder. Eg er veldig glad i fargespillet i dette garnet, då det er tvinna  med forskjllige meleringer, så det blir skjelden forutsigbart. Balder er på hesper, så her er det frem med hespetreet! Brukte vel ca 1 nøste på denne., heklekork nr 9. Ser du skjøyten min? Eg måtte skjøyte på med noko garn eg hadde liggande, fordi eg var akkurat tom!  Derfro er det ekstra fint at Balder har meleringar, då synst det ikkje so godt:-) Baksida er det mamma som har sydd. Ho er kjempeflink med symaskina! Akkurat her er det lite magi som har vore på ferde, men om ho får frie tøyla er ho utan sidestykke! (Eg har en drøm om bli like flink, en dag...) Her har ho sydd i glidelås for meg. Veldig fornøyd datter:-)

Skjøyten er dei 9 stavane i nederst som er mørkeblå:-)

Baksida

Ellers er det håp om vår ute no! Ei lita Blåstjerne (favorittfargen tilogmed!) er på vei opp:-)




God helg, alle sammen!
Sunniva

fredag 19. april 2013

Presentasjonen

Heisann, mitt navn er Sunniva. Eg er 21 år og bur i Oslo. Dinne bloggen skal for det meste handle om dei rare ideane eg får til daglig, og utforminga av dei. For det meste strikking, men noko hekling, sying, interiøridear, blomster og ellers det eg kan finne på å dele:-)

Eg har alltid fått inn strikking og hekling med teskje. Eg har 5 tanter som har vore ivrige i min opprdagelse innen handarbeid, i tillegg til ei aktiv mor. Til tross frå alt dette, var det fyrst som vaksen at eg byrja å interessere meg for dette. Nærmare bestemt det siste året. Til gjengjeld har produksjonen vore ganske stor :-)

Grunnen for at eg har dreve lite med handarbeid før var mangelen på tolmod. Eg tykkjar det tok altfor lang tid å gjøre noko ferdig, so det vart bare lagt vekk. Mamma har nok mange UFOar heime ja... Men i alle fall, det byrja å løsne for meg då eg kjøpte Quick Knit frå Panduro.no (Varenr. 02179). Då byrja eg å lage ein del skjerf, både runde og lange.  Noko som fungerte veldig fint, og eg har gitt vekk en del. Mitt største prosjekt noko sinne strikka eg på Quick Knit. Det var teppet under. Teppet er strikka i dobbel vamsegarn frå Rauama, og eg har vel brukt ca 40 nøster.. :-) Til gjengjeld er eg veldig fornøyd med dette teppet, og det varmar godt. For dei som klør er det ikkje å anbefale, men eg kjenner ikkje so mykje etter:-)

Quick Knit er veldig bra for dei som er oppstartfasen då det er tjukk tråd og man ser arbeidet vekse. Då blir man meir gira til å fortsette:-) Anbefalaste barn og ungdom då det er lett å lære.

 Duken som er hekla har eg og laga. Klare dykk å tippe favorittfargen min? Kremt:-)
Her ser dykk nærbilde av Quick Knit sitt arbeid:-)
Oppskrifta på duken fekk eg av ho mor. Eller, det vil seie har eg fekk ein duk eg kunne sjå etter, ogso hekla eg ein lik. Eg har aldri vore spesielt god på oppskrifter, eg er flinkare å sjå på ei ferdig produkt og herme. Spesielt på hekling. Duken skulle vore strukke ut, men dessverre har eg ikkje isopor eller noko eg kan bruke som underlag, så det får vi ta ein anna gong.

Kista som duken ligg på har eg fått av familien. Den har tilhøyrt mange i slekta, og no er den mi! Den passa perfekt ved sida av sofaen min :-) Kista reknar vi med er over 100 år gammal, men vi veit ikkje nøyaktig. Den har vore i familien sitt eige sida 1929 i alle fall.

Sunniva