torsdag 4. desember 2014

Acnegenser av Dale-oppskrift i Pus!

I vår var Acnegenseren som flinke Nostesjel.no har laga so utruleg populær. Vi solgte faerytale til den store gullmedaljen i butikken, og det vart nok mange genserar utover landet til slutt. Eg hadde lyst å strikke en sjøl, og sida eg jobba i garnbutikk hadde eg jo ikkje dårlig tid med å velje fargar. Men dette var før Du Store Alpakka lanserte Pus! Etter at dei gjorde det, fann eg ut at eg kunne strikke meg en genser i Pus, men med den same Daleoppskrifta som eg har brukt før. Eg lika jo raglanfellinga so godt. Og tjukkelsen. Og at det går fort. Og at den er varm. Eg frys jo sånn. Då måtte eg berre velje farge.


Endte opp med desse over. Er jo som kjent glad i blått/turkis/Petrol. Jadda.

Garnet heite pus, so då måtte pus bli med på bildet ;-)
Etter at eg begynte på skule har eg som sagt ikkje strikka so mykje. Eg begynte på denne i sommer, men var fyst ferdig til den 3 des. Flink til å prioritere studie? Kanskje litt, faktisk. Då eg slutta på butikken valgte eg å kjøpe nok garn til to genserar, fordi eg visste at den eg strikka på ville bli litt trang for meg. Strikkefastheten vart litt tettare enn oppskrifta, altså vart den litt mindre. Derfor tenkte eg å gje vekke den lisje til jul og lage en stor til meg.



Fakta:
Garn: Pus frå Du Store Alpakka
Pinne: 8mm på vrangbord og 9 mm på resten
Oppskrift: Frå Dale Garn, hefte 286
Mengde: ca 300 gram på den lisje.

Detta er den lisje. Brukte den på jobb i dag, so den vart ikkje so veldig liten. Litt kort i armane og bolen berre. Men veldig varm og god! So no er eg i gang med bolen på nr to! er spent på kordan den blir. Tenkte å ha den litt lengre, får strikke til eg er tom for garn!

Sunniva

Juleønske før eksamen!

Bror min er ikkje den materielle typen. Til bursdagen ønska han seg ingenting, og til jul hadde han ikkje store ønske då heller. Heilt til kulda kom i Oslo. Han er skalla. Han ønska seg plutselig ei hue gitt! Ønsket kom på en fredag, og same dag var eg ute og kjøpte garn på Strikkedilla på Oslo City. På forhånd hadde eg bedt han om å stikke en tur innom Drops sine sider for å sjå om han fann ei hue han likte, og etter litt sendte han meg link på denne, med teksten "Noke sånt, basically. It has hue-properties. Head gets warm." So når eg hadde fått et ønske på ei so enkel hue tenkte eg at eg skulle klare det før eg møtte han på søndag same helg. Sjøl om det var eksamen komande og sånn. (litt avveksling må man ha, ikkje sant?)

Merinoull frå Sandes, med resten eg hadde igjen.
So eg strikka heile lørdag når eg var med husflidslaget (litt meir avveksling), og på vei til fest på lørdag (1 times busstur kvar vei er veldig kjekt med strikketøy). På søndag vart det lesing før eg for for å møte brørene for film og middag. Medan vi såg film forsatte eg å strikke, og vart ferdig med hua i løpet av kvelden.



Fakta:
Garn: Merinoull frå Sandnes
Oppskrift : Denne frå Drops
Pinne 40 cm 3,5 cm
Mengde: under 150  gram

Det fine med denne hua er at den er elastisk, so den passar bror min, som er litt stor i pappen. Eg la opp etter den største oppskrifta, fordi eg visste den kom til å bli elastisk. Felling på denne hua skjønte eg ikkje heilt, so eg slo meg til ro med å strikke to og to saman etter merka oppskrifta anbefalte. So lenge man gjør den same feilen heile veien veit ikkje folk at det er feil ;-)


Sunniva

Babyteppe i Dale Babyull

Bildet ligg på instagram, følg meg gjerne! @dehl_chan

Lenge sida ei oppdatering no. Skyldes blandt anna at eg har begynt på skulen i haust, og at eg då har prioritert å lese meir enn strikkinga. Men har no fått strikka litt likevel :-)

Fakta:
Garn: Dale Babyull, 350 gram
Mønster: Havskum
Pinne: 4,5 mm
Fargen er mint, og mest rett på det nederste bildet.

Dette teppet strikka eg fordi eg hadde lyst å prøve å strikke havskummønster igjen, og fordi eg ville strikke et babyteppe. Eg hadde ingen tenkt eigar til teppet, tenkte å strikke det og ha det i bakhand. Medan eg strikka det var eg på styremøte i Husflidslaget,og eg foreslo då a ha teppet som gevinst på Julemarkedet vårt. Teppet var då forsatt under strikking, men eg lovte at eg skulle være ferdig til Julemarkedet.

I veka før hadde eg mine to eksamenar, so det vart ikkje so mykje strikking då. Det medførte at når eg leverte teppet som gevinst på julemarkedet so var det litt fuktig nederst, men det var ikkje nåke problem når resten var tørt.

På bildet til venstre ser dåkke at eg helde på å helke en bølgekant på langsida av teppet, for å skjule min noget ujevne kant.Har i løpet av dete teppet utvikla en kant som er fin og fast, men det var litt krøkete i starten, so det vart en heklekant på heile langsidene.

Eg hadde vaska det for at det skulle strekke seg litt i lengda, og hengt det opp (ja, fy meg) for at det skulle strekke seg litt til. Personleg tykkjar eg det vart veldig bra, Teppet vart veldig stort, ca 1,5x1 meter.

Han som vant teppet viste seg å være barnebarnet til ho eine i styret, og han valgter det heilt sjøl. Veldig kjekt at en 10åring ville ha teppet, sjøl om det ikkje akkurat var den alderen eg hadde i tankane då eg strikka teppet. Han var veldig fornøyd i alle fall, so då er eg det og!

Sunniva

onsdag 28. mai 2014

Ananas er ikkje berre ei frukt...

...det er eit garn frå Cewec og! Har akkurat strikka meg ein luftig sommertopp i garnet, absolutt verdt å prøve! Ambefalt pinne er 8-9, men eg har brukt 10 på toppen for å få den luftigare og at det skal gå fortare. Lat som eg er.

Prøvelapp til å ha i butikken, Strikka på pinne 8.


Fakta:
Garn: Ananas frå Cewec
Pinne 10mm
Mønster: Mitt eget
Antall nøster: 5 stk (250 gram)


Oppe er det rettstrikk, nede ser du på vranga

Sånn vart den på
Ang mønsteret har eg tatt utgangspunkt i denne frå Jarbo, men eg har strikka rundt og rundt sånn at eg sleppe å sy sammen i sidene. Sa nåken lat?


En UFO blir FO

For kjempelenge sida strikka eg modell 10A med armane frå 10B til jul til ei venninne. Eg tenkte å lage en til til meg sjølv seinare, men eg kom aldri lengre enn nederste delen på grunn av at eg hadde kjøpt for lite garn. So dinne har lågge i ei skuff i alle fall 2 år. Fredag då eg var heime og syntes synd i meg sjøl (hadde feber. Stakkars meg) so fann eg ut at eg kunne jo bare felle av og feste trådane so vart det et skjørt! (Tenk at det tok 2 år å tenkje ut det...) So tenkt, so gjort.


 

Fakta:
Garn: Aran frå Artesano, farge Midnight
Oppskrift: mi ega, men bastert på ei Sandnes-oppskrift.
Pinne: 7 mm, 5mm på fellinga

Denne var skreve i Mars, so eg veit ikkje korfor den ikkje kjem før no. Men her er den i alle fall :-)

torsdag 27. februar 2014

Møte i Husflidslaget

Som den glade strikker eg er, er eg og medlem i mitt (tidligare) lokale husflidslag. Eg er faktisk styremedlem. I går var det medlemsmøte og temaet var brikkevev. Ditte er nåke eg ikkje kan nåke om, og aldri har begitt meg ut på. Einaste forholdet eg har til det er at eg trur mamma gjorde det då hon vevde bånda til bunaden min. Trur eg.

I Alle fall. Vi hadde koselig besøk av ei dame som viste oss teknikken og gav oss en kort historietime. Eg var so heldig å få prøve. Hon forklarte kordan brikkene skulle treast, men det skal eg ærlig innrømme at eg ikkje skjønte so mykje av. Hadde nok vore lettare om eg hadde fått prøve å tre enn kun teorien.


Litt smånervøs for å ødelegge heile saken..

Uansett, damen var flink og kunne sitt fag, og hadde med en "prøvevev" der eg fekk lov til å bli taua inn og prøve.
Begynde å bli varm i trøya og snur alle brikkene på en gang!

Dei strekane dåkke ser er der veven er blitt "Snudd".(rød pil) Dette er fordi det når du veva, so veva du på "begge" ender samtidig. Og sida man ikkje stramma skikkelig på den andre sida, blir det en "uferdig" vev. So man snur for å veve "opp" på andre sida,  og då kan veve lengre. Virka det fornuftig? Håpa det :-)


Den nedreste raude pila er der eg begynte då eg fekk veven rundt midja. Akkurat eit snupunkt. Den andre er der har snudd igjen, og den øverste veit eg ikkje korfor eg har tegna på...Uansett veldig kjekt å prøve, so no er eg ikkje heilt grønn på å veve med brikkevev, men eg er grønn på å "legge opp" :-)

Sunniva

Tumblejakka

Enda en UFO ferdig, som eg fikk gjort på vår lisje strikkekveld. Var jo bare å feste på den armen som mangla. Typisk meg. Dinne er strikka frå sida. Med fellinger og økinger om kvarandre. Ganske fornøyd med kordan eg strikka den, då eg aldri har prøvd den måten før. I staden for å strikke ut heile pinnen snudde eg innimellom for å få den meir formstrikka. Sjå bildet


Nåken som skjønte ka eg meinte? :P




Fakta:
Garn: Tumble fra Rowan
Pinne: 12 mm
Mønster: Mitt eget



Eg er litt usikker på om Eg skal ha den dinne veien med rettstrikk på erma ut, eller om eg skal ha den med vransgstrikken ut for å få den meir lik hoveddelen. Tenking pågår...

Jakka vart litt kortare og meir klumpete enn planlagt, men det var eit gøy prosjekt å prøve i alle fall :-)

Sunniva

lørdag 22. februar 2014

En UFO mindre

På Torsdag hadde eg koselig strikkebesøk, so eg fikk gjort ferdig en del UFO'a. Har hatt den eine liggande lenge, einaste som mangla var å sy sammen delane. Den andre var bare å strikke på siste armen. Korfor er det sånn at eg kan gjøre ting nesten ferdig og so legge den fra meg? Har hatt to ting liggande i strikkekorga som er nesten ferdig, men det er "siste innspurt" som er igjen. Det er jo typisk. So på Torsdag fekk eg dei ferdig, endelig!

Sånn fiksa Ingeniørdøtre mangel på Linjal


Vesten frammafra

Sånn ser baksida/Innsida ut. Ikkje so ille med tanke på at eg egentlig ikkje kan møsterstrikk...

Sjørøver-vesten skulle egentlig bli ei jakke, men eg har laga so masse med jakker no, og armen eg hadde strikka vart so klumpete, so det vart bare en vest. Prøvde meg egentlig på ei skappeljakke, men det som skulle være et forstykke vart bredt nok til et bakstykke, so då vart det gjort om på heile oppskrifta. Det er den tøffaste vesten som finst. Går ditte under Gerilljastrikk?

For alle Breaking Bad fans der ute: I'm the one who knits!

Mønsteret vart litt større på ryggen enn det eg hadde planlagt, men det får no so være. 

Fakta:
Mønster: Mitt eget
Garn: British Sheep Breeds Boucle fra Rowan
Pinne 6 mm

Forsettelse følger ang Tumble-jakka som og vart ferdig!!

Sunniva

søndag 26. januar 2014

Mine fyste sokka!

Eg har strikka mitt fyste sokkepar i jula :-) Endelig klart å stikke helen sånn som den skal være! Eg har prøvd meg på eit sokkepar før, men det vart ikkje so veldig vellykka. Eg klare fint å strikke kunststrikk, men gi meg en sokkehel og eg er ubrukelig. Eller, eg VAR ubrukelig. No klare eg to! :D

Garnet er kjøpt på Nål og Tråd i Måløy 

Fakta:
Garnet er Mellanraggi frå Jarbo Garn
Pinner 3 mm.
Begynte med 48 masker, 2r og 2vr.


Nesten heilt like, måtte ta vekk en del garn mellom sokkane. Nagla er frå potetskrelling, synst det var gøy kordan potetskrelleren tok nagla mi.


Taaaada! Tenene vart forskjellinge pågrunn av en liten forskyvelse.

Sunniva