onsdag 28. mai 2014

Ananas er ikkje berre ei frukt...

...det er eit garn frå Cewec og! Har akkurat strikka meg ein luftig sommertopp i garnet, absolutt verdt å prøve! Ambefalt pinne er 8-9, men eg har brukt 10 på toppen for å få den luftigare og at det skal gå fortare. Lat som eg er.

Prøvelapp til å ha i butikken, Strikka på pinne 8.


Fakta:
Garn: Ananas frå Cewec
Pinne 10mm
Mønster: Mitt eget
Antall nøster: 5 stk (250 gram)


Oppe er det rettstrikk, nede ser du på vranga

Sånn vart den på
Ang mønsteret har eg tatt utgangspunkt i denne frå Jarbo, men eg har strikka rundt og rundt sånn at eg sleppe å sy sammen i sidene. Sa nåken lat?


En UFO blir FO

For kjempelenge sida strikka eg modell 10A med armane frå 10B til jul til ei venninne. Eg tenkte å lage en til til meg sjølv seinare, men eg kom aldri lengre enn nederste delen på grunn av at eg hadde kjøpt for lite garn. So dinne har lågge i ei skuff i alle fall 2 år. Fredag då eg var heime og syntes synd i meg sjøl (hadde feber. Stakkars meg) so fann eg ut at eg kunne jo bare felle av og feste trådane so vart det et skjørt! (Tenk at det tok 2 år å tenkje ut det...) So tenkt, so gjort.


 

Fakta:
Garn: Aran frå Artesano, farge Midnight
Oppskrift: mi ega, men bastert på ei Sandnes-oppskrift.
Pinne: 7 mm, 5mm på fellinga

Denne var skreve i Mars, so eg veit ikkje korfor den ikkje kjem før no. Men her er den i alle fall :-)