onsdag 27. mai 2015

Flytting, nupereller og pus.

Prøva meg på nye mønster, og det er kjekt når dei går i orden. Her er same som gerilljasmykket, men med tre i staden for fire "kantar". Då vart det en "innoversving" på den. Dette mønsteret kan nok brukast som en stemorsblomst-øyredobb, eg må berre ha dei riktige fargane...


Her er et lite smykke eg lagde. Legg merke til at perlerfargen er det same som på øyredobbane, det er veldig fin turiksfarge som eg måtte prøve ut. Går veldig fint med svart. Perla huska eg ikkje heilt kvar eg fekk tak i, bare at eg har hatt den lenge. Tatt av et smykke eg gikk lei kanskje? Blomsten er stjåle frå ei tre, trur det er Hegg.


No har eg flytta til det fagre Vestland, nærmare bestemt Volda på Sunnmøre. Kjekt! Vånka med pus sånn i senga etter fyste natta, so det var tydeligvis greit å ha meg der.


I tillegg vil ho ha nåke å seie når det gjeld klutane på badet, dei skal tydeligvis ikkje ligge der, det er pus sitt sted. Trur ho...


Her er to bilder frå Volda, tatt ute på tur. Første er frå den flotte hagen/parken borte med sjukehuset. Der er det nåken som jobba som er veldig glad i rhododendron, for ca 50% av hagen består av det.


Dette bildet er frå elva nede ved Rotevatnet. Idyllisk. Ser av og til Fossekallen her nede, har sett to samtidig hittil, so kanskje her er komt fugleungar i år?


Nyinflytta helsing Sunniva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar