onsdag 27. mai 2015

Volda-Oslo-Sarpsborg-Oslo-Volda svipptur

Tirsdag var eg en svipptur til Sarpsborg. Det vil seie at eg tok bussen Mandag kveld kl 22, og var framme ca 0630 i Oslo. Deretter venta eg i Oslo til 0905 då eg tok bussen vidare til Sarpsborg, som tar ca 1,5 time. So var eg der og jobba på gruppeoppgåva vår der, før eg tok bussen frå Sarpsborg 2010, var i Oslo 2140 og tok bussen til Volda 2200. Framme i Volda Onsdags morgen kl 0645. Ingenting å seie på villigheten når det gjelde å delta på gruppemøter i alle fall! Nettbuss tjente en del på meg desse dagane ja!

Det var uten tvil verdt 21 tima på buss, for vi vart ferdige! No skal vi møtes en gang til der vi skal levere oppgava og kose oss etter det. Eg er komt på ei veldig hyggelig gruppe der vi kjem godt overens heile gjengen, nåke som ofte ikkje går so bra.

Desse øyredobbane lagde eg til ho eine på gruppa, som jobbar med musikk på si. Ho er ikkje av typen som bruka masse smykker, men eg tenkte at kanskje desse kunne ho bruke på premierer og sånn om ho vil. Kjekt å lage desse, men eg gjorde om en del på oppskrifta for å få dei fin i forma. Desse er og stiva skikkelig med lim so dei held på fasongen.


Solnedgang i Oslo på veg til Volda igjen.


Bussvandt helsing Sunniva

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar