torsdag 12. februar 2015

Rydding, kasting og ufoar

Sida eg skal flytte på meg, drive eg og går igjennom mitt jordiske gods. Kasta en del som eg ikkje treng (gamle rekningar? Alt ligg jo nettbanken.) Eg har ei kiste med garn og strikketøy, som var fullstendig kaos i. No har eg rydda i den. Det fine med barnehagar (bortsett frå den generelle funskjonen med barn) er at dei er veldig glade i restegarn. Dei er jo små kreative sjeler, og vevar mykje i følje mor til ein. So lykken var stor når eg leverte to bæreposar med restegarn til barnehagen der mitt lisje gudbarn går. (Lite tips til andre som vil rydde litt ;-) Men i kista mi fann eg bare tre ufoar. Eg virkelig venta meir. Etter litt leiting i leiligheta fann eg fire til, so no er vi oppe i et passande antall. Ein av dei var denne helkaduken.

Eit lite uferdig objekt
Utgangspunktet var denne hekla blomster eg kjøpte på panduro, so eg hekla nåken like for å prøve å lage en duk.



Sida eg ikkje har blokka som mykje, tenkte eg at denne var perfekt å prøve seg på.


Før blokking
man kan lett sjå størrelseforskjelling på bildet over og under :-)


Under blokking

klar til bruk!

Nyblokka! Lure alltid på korfor det er sånne nesten-ferdige prosjekt som blir liggjande. Trur det er fordi då er eg nesten ferdig, og sida eg er nesten ferdig kan eg jo begynde på nåke nytt, der er jo mykje som frista ;-)

Moralen er, gje vekk garn til barnehagar ;-)

Sunniva

torsdag 5. februar 2015

Nupereller

Eg kjem frå ein handarbeidsfamilie, der omtrent alle kvinnelige medlemmer drive med en eller anna form for handarbeid. Likevel er det ikkje mange av oss som slår nupereller. Eg er med i styret i eine husflidslaget i Oslo, og denne teknikken er Raudlista. Eg har lenge hatt lyst å prøve den, men det var først når mamma viste meg ei side på facebook som er skikkelig fin eg vart skikkelig inspirert. På "Kinn foto og smykker" var der mykje fint, og eg vart inspirert til å prøve å lære meg teknikken. So då var vegen kort til Youtube og denne videoen. Eg hadde frå før en nuperelleskyttel som eg har brukt til å hekle med.. *kremt* So når eg kom tilbake til Oslo var det bare å grave den frem frå Strikkekista mi. 


Dei første forsøka var ikkje so vellykka, so du ser. 


Deretter var det ikkje so ille:


Etter at eg fekk kjøpt en skyttel til begynde det å ligne på nåke!


Det gikk jo veldig bra! Alt dette er frå det kurset på youtube som er linka til lengre oppe i innlegget.



So no skal eg snart begynde på den siste videoen i "kurset", so skal eg prøve meg på desse frå Nuperelle.net. Kven er vel eg til å motstå draga? ;-)

Nupereller er jo egentlig berre halvstikk! Etter at eg begynte med det (i forgårs) so har eg begynt å tenkje i knuta. Litt påvirka? Kankje det :-)

Sunniva

onsdag 4. februar 2015

Volda, arkiv og sånn


Det har skjedd mykje i livet mitt det siste året. Om du hadde sagt til meg at eg hadde funne faget eg trvies med, fått kjæreste og skal flytte frå Oslo for et år sida, hadde eg ikkje trudd på deg. Men det er altså det som helde på å skje.

Eg går no på arkivstudiet på Høgskolen i Oslo og Akershus. Det er ei bachelorgard, altså treårig. Det fine er at det er samlingsbasert, so det er "2 veker på, 2 veker av" sånn ca. Og det passar jo veldig bra når man er i eit avstandsforhold! Kva gjør en arkivar tenke vel kanskje du? Vel, når eg begynte visste eg det ikkje heilt eg heller. Men etter et halvt år på skule og etter utplassering, kan eg knapt vente med å bli ferdig sånn at eg kan begynde å jobbe!

Vi arkivarar lika å kalle oss sjøl "Informasjonsforvalterar". Arkivaren er den som har tilgang til all informasjon i bedrifta. Vi er den som opna posten, fordela saker, og legge ut på offentlig journal. I tillegg til full tilgang til arkiva og dens innhold. Dette innebære selfølgelig et stort ansvar, og ikkje minst ei saftig taushetsplikt. Då eg begynte på studiet tenkte eg at en arkivar var den som sitte vekkgjømt i en mørk kjeller. Det var ikkje det eg ville, men tenkte at det måtte være forskjellig typar. Og det hadde eg rett i. Du kan være den som produsera arkiv (arkivskapar) eller den som tar vare på arkivet (arkivdepoet).

I Desember var eg so heldig å jobbe i hos arkivleiar i ei ganske stor bedrift. Og ho satt IKKJE vekkgjømt i ein mørk kjeller, for å seie det sånn! Der var det mykje aktivitet heile arbeidsdagen, og mykje som skulle fiksast. En skikkelig lærerik og kjekk Desember månad!

Ei or trur eg. Knudrete er den i alle fall.

Ogso var det han kjæresten. Eg har då blitt sammen med bestekompisen til bror min. Bare for å gjøre ting enkelt. Vi er frå same bygd på Vestlandet, og vi kjente jo allerede kvarandre sin familie. Mamma og pappa har lenge ønska at eg skal flytte nærmare heime, so dei er nok veldig fornøyde med at eg skal flytte bare 2 tima heimefrå! Familien til H har tatt meg i mot med opne armar, og eg er virkelig komt inn i en varm og kjekk familie!

Slaktet Erina

Til sommeren skal eg flytte til Volda med H, og vi drive og ser etter hus. Det går kanskje litt fort tenke du, men vi har jo tross alt kjent kvarandre heile livet. "Vi visste ka vi gikk til" som H sa so fint :P Vi har fått en liten pus, som har fått namnet Erina. Eller slappfisken/morderen/beistet/kaos/koseklompen/slaktet utifrå ka ho drive med.

Utsikta frå leiligheta til H :-)

Eg gleda meg til å flytte oppover hit, sjøl om det blir trist å etterlate alle vennane mine i Oslo. Men dei får komme på besøk, og eg til dei ;-)


Til slutt, ei lita oppfordring: Vær snill med arkivarar, vi kan slette deg frå historia ;-)

Sunniva

tirsdag 3. februar 2015

Sy vesker

I Jula prøvde eg meg på nåke eg ikkje er spesielt god på, nemlig å sy vesker til oppbevaring. Eg fekk ideen av denne bloggen, som også har ei fin oppskrift! Mamma er kjempeflink på symaskin, med soff og alt innen det der. Og veldig glad for at dattera prøva seg! Eg har mi eiga symaskin som eg har arva etter mamma, men ikkje so mykje utstyr og spennande stoff som mamma har! Oppskrifta gjorde vi litt om på, so den vart litt større. Vi brukte 9" i staden for 6".


Det fyste eg gjorde var selfølgeli å knekke nåla. Skikkelig. So den satt fast i maskina. Og i det metallbrettet under. Skal det gjørast, so blir det no gjort skikkelig i alle fall :-)

Her er bilder av den første eg lagde. Dessverre har eg ikkje av ferdig produkt der.


Har laga to forskjellige vesker, utifrå fargane mottakerane likar. Som dåkke ser er dei ganske forskellige. Den i raudt er det kun ferdige bilder av :-)


No har eg fått både kniv og skjærebrett av mamma, samt ei skikkelig innføring i symaskinas verden, so vi får sjå om eg ikkje klare å sy nåken sånne sjøl til våren :-) Var veldig kjekt, og veldig fort gjort når man kjem inn i det!

Sømmelig hilsen Sunniva

mandag 2. februar 2015

Jakke i Pus

I sommer begynte eg på denne vesten frå Dale Garn. I denne oppskrifta er det egentlig brukt Hubro, men eg synst det klør litt. Det fine med Hubro er at det er litt tyngde på, so vesten ligge nok finare i orginalgarnet. So eg brukte Pus (suprise) frå Du Store Alpakka. Grønt er ikkje alltid like fint hos alle leverandøra, men i Pus er den aldeles nydelig. Skikkelig fin mosegrønn. Eg har lenge ønska meg ei lang jakke i grønt, so eg kan bruke svarte kle under uten å bli for kjedelig. Eg er glad i svart, men lika å bruke farga til.

Eg strikka rundt og rundt, sydde og klipte opp. Orginalen på bildet.
Eg trur dinne egentlig skulle strikkast fram og tilbake i følge oppskrifta, men eg valgte å strikke rundt for so å klippe opp. Eg lika ikkje so godt å strikke vrangt, det blir ikkje like jevnt alltid. Jakka begynte eg på i sommer, men har vore på vent. Gikk raskt når eg begynte på den, men so tenkte eg å lage lange arma på den, og då stoppa ting litt opp. Mest fordi eg ikkje hadde oppskrift på armane og mått komponere dei sjølv.



Garn: Pus frå Du Store Alpakka (føle det garnet er en gjenganger på dinne bloggen ;-) )
Pinne: 9mm og 10mm
Oppskirft: Utgått frå Dale Garn nr 211



Sunniva (pus-elskeren)

søndag 1. februar 2015

Acne-genser i pus nr 2!

Eg har tidligare skreve om Acne-genseren som eg strikka i Pus. Den var litt liten, so eg strikka en til i større størrelse. No er den endelig ferdig, og fargane er litt annerledes i plasseringa. Grunnen for at halsen er kvit er at eg gjekk tom for garn. I tillegg var armane litt korte, so når eg var ferdig med resten tok eg opp vrangborda og strikka på ei stripe med kvitt på begge.

Legg merke til smilet ;-) Veldig fornøyd!

En litt lang og god genser for dagane då klesvalg ikkje blir heilt prioritert :-) Ogso er det litt lettare no når kjæresten kan ta bilder for meg :-)

Fint sammenbretta :-)

Oppskrift: Dale hefte 286 nr 1
Garn: Pus frå Du store alpakka
Pinnne: 8mm og 9mm


I gang med enda en ufo, på pinne 2,5!
No er eg i gang med siste UFOen eg har med til Volda, på pinne 2,5! Helde på med avslutninga no, so du skal sjå at den og kjem på bloggen. Snart.

Sunniva